SYKKEL MED MOTORNyhende

Kommunen tilbyr elsyklar til utlåns

Har du lyst å prøva el-sykkel i sommar? Voss kommune tilbyr no utlånsordning for inntil éi veke.

AV Geir Geitle
Publisert
Oppdatert:

Gunnar Bergo i Voss kommune seier ordninga er eitt av klimatiltaka i kommunen sin nyleg vedtekne klima og energiplan.

– Føremålet er at folk kan få gjera seg kjende med elsyklane. Dei har vist seg å vera populære, og kanskje nokre får lyst å kjøpa sin eigen. På den måten får me mindre biltrafikk, seier Gunnar Bergo, som er plan- og miljøvernsjef i kommunen.

I alt har dei fire syklar til utlåns. Tiltaket med utlån av el-syklar har vore ute på anbod, og denne sommaren var det Sport1 på Amfisenteret som stakk av med oppdraget.

Låneordninga startar opp tysdag 22. mai og varer til 1. november. To dame- og to herresyklar står til disposisjon på Sport1.

– Når utlånsperioden er over, går syklane inn i kommunal teneste. Me har fire syklar frå før, og då får me fire til. El-syklane nyttar me til mindre oppdrag, i staden for å køyra bil, seier Gunnar Bergo.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.