KRAFTSTASJONENNyhende

Klart for kraftopning på Evanger torsdag

Torsdag 12. oktober vert det offisiell opning av Vossedalselvi Kraft på Evanger.

AV Rolf Tepstad
Publisert
Oppdatert:

– Ordførar Hans-Erik Ringkjøb har sagt seg villig til å trykkja på knappen og setja anlegget i gang, opplyser Bjørn C. Jacobsen i eigarselskapet Clemens Kraft AS.

Kraftstasjonen ligg nesten heilt nede ved Evangervatnet, men anlegget har inntak frå Vossedalselvi 565 meter over havet.

Kraftverket har kapasitet til å produsera 20 GWh elektrisk kraft i året, tilsvarande straumtrongen hjå 1000 norske normalhusstandar.

Jacobsen opplyser at utbygginga har vore vellukka, og gjennomført i eit godt samarbeid med både Voss kommune, grunneigarar, Voss Energi og svært dyktige entreprenørar og leverandørar.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.