LESINGNyhende

Klar for kul lesekampanje

Snart er det klart for den digitale lesekampanjen Sommarles, fortel biblioteksjef i Vaksdal, Jan-Erik Kolaas.

AV Jan-Egil Dyvik
Publisert
Oppdatert:

Saman med born frå over 370 andre kommunar, kan alle born – frå fyste til sjuande klasse i Vaksdal kommune – vera med på den kulaste lesekampanjen i Noreg, frå 1. juni, seier Kolaas. Sommarles har vore ein stor suksess gjennom fleire år.

– Målet for kampanjen er å motivera borna til å lesa det dei orkar i løpet av ein lang sommarferie, understrekar han.

Sommarles vert avslutta tysdag 11. september med fest i biblioteket på Dale. Då kjem litteraturformidlar Trond Magnum og presenterer programmet «Bokstaveleg talt», ei humoristisk framsyning som har som mål å fremja leselyst og leseglede.

– Her får me smakebitar frå bøker, litt song, musikk, reglar og eventyr, fortel biblioteksjefen.

Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida sommerles.no. Borna lager seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar leste side.

– Borna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve, og eit spel der ein løyser oppgåver knytte til forteljinga, seier Kolaas vidare.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.