DIREKTESENDNyhende

Inviterer til direktesend politisk debatt

Hordaland inviterer til direktesend politisk debatt frå Voss kulturhus fyrstkomande onsdag.

AV Lars Olve Hesjedal
Publisert
Oppdatert:

– Dette har historiske dimensjonar over seg, dristar redaktør Geir Geitle seg til å seia.

– Det er fyrste gongen at avisa arrangerer politisk debattmøte i det store og det heile. Ekstra stort er det òg at me sender direkte frå den fyrste politiske debatten me skipar til. Me har hatt god respons på direktesendingane våre etter at me starta med dei i vår, og no gjer me det òg i høve valet. Og så er det jo det fyrste store politiske debattmøtet for nye Voss herad, legg han til om møtet.

Det finn stad på kvelden, og varer om lag to timar.

Les og:

Fersk meiningsmåling

Alle politiske partia er inviterte til debatten som vert leia av Hordaland-journalistane Nils Kvamsdal og Ørjan Brattetveit.

Møtet vert opna med ei rykande fersk politisk meiningsmåling, som Norfakta utfører denne veka for Hordaland.

Etter at partia har fått kommentera denne, startar debatten.

Dette skal diskuterast

Og han har fylgjande aktuelle tema:

• Bømoen

Saken fortsetter under annonsen.

• Flaumsikring

• Turisme

• Sentrumsplanen og Vangen si utvikling

• K5

• Legekontoret i Granvin

• Maktstrukturane i kommunen

– Møt opp!

Sjølv om det er ein milepæl med direktesend tv-debatt frå avisa Hordaland, vonar redaktøren og programleiarane at ikkje alle vert sitjande heime for å fylgja sendinga via avisa-hordaland.no

– Det vert sjanse til å stilla spørsmål frå salen. Ein direktesend debatt skaper ei eiga nerve, ved at politikarane må svara der og då, poengterer programleiar Ørjan Brattetveit.

– Så møt opp! Vis politikarane at vossingane bryr seg kva som skal skje i kommunen framover. Me vonar at den direktesende debatten kan vera med på å få opp valdeltakinga. Røysteretten er ein av berebjelkane i lokaldemokratiet, og ein av dei finaste rettane me har, seier redaktør Geir Geitle og programleiar Ørjan Brattetveit.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.