HELGETANKAR:Nyhende
Helgetankar:

Inkludering

I vår tid høyrer me om ulike former for utanforskap. Det er ikkje godt for dei som kjenner seg utanfor. Det kan henda dei kjenner seg utanfor i samfunnet. Dei finn ikkje sin plass.

AV
Publisert
Oppdatert:

Det kan vera ulike organisasjonar som verkar stengde og ikkje slepper folk inn. Korleis er det i kyrkja? Alle vil at kyrkja skal vera inkluderande. Kjenner folk at dei høyrer heime her, at dei finn sin plass og at dei er ein del av kyrkja, eller kjenner dei seg utanfor?

Utanforskap er vondt for alle som opplever det. Det gjeld både born, unge og vaksne. Alle må gjera det dei kan så ingen kjenner seg utanfor, men finn sin plass i samfunnslivet, organisasjonslivet og i kyrkja.

I teksten for komande sundag gjev Jesus oss eit godt døme på korleis inkludering kan gjerast på ein god måte. Sakkeus var overtollar og svært rik. Rikdommen hans var tufta på at han ofte hadde teke for mykje i toll og avgifter. Dette hadde gjort han upopulær mellom folk flest. Han var heller ingen velkommen mann der dei truande var samla. Han var stempla som ein syndig mann.

Sakkeus hadde høyrt om Jesus og hadde fatta stor interesse for han. Han ville sjå Jesus, men kom ikkje til for folkemengda, for han var liten av vekst. Difor sprang han i førevegen og klatra opp i eit morbærtre så han kunne få sjå han, der Jesus kom til å gå forbi.

Då Jesus kom dit, såg han opp og sa til han: «Sakkeus, skund deg og kom ned! For i dag må eg ta inn i ditt hus.»

Det er lett å tenkja at inkludering er noko passivt. Me har eit tilbod eller eit program. Dei som vil, kan ta imot tilbodet, dei som ikkje er interesserte kan lata det vera. Jesus syner her at inkludering ikkje er ei passiv handling, men aktiv handling. Jesus såg Sakkeus. Ein vaksen mann i eit tre var ikkje så vanskeleg å få auga på. Så snakka han til Sakkeus.

Å ta inn i Sakkeus sitt hus, tydde at Jesus viste han den største respekt. Jesus ville engasjera seg i Sakkeus sitt liv og tilby Sakkeus sitt vennskap.

Jesus vart kritisert for dette, men syner kor viktig dette var for Jesus. Jesus ville involvera seg i Sakkeus sitt liv. Han ville seia til alle som såg det; Sakkeus høyrer med han også. Han skal ikkje haldast utanfor. Han skal inkluderast.

Sakkeus hadde gjort ting som var kritikkverdige. Då Jesus inkluderte han, fekk Sakkeus høve til å gjera opp med fortida si. Han sa: «Herre, halvparten av alt eg eig, gjev eg til dei fattige, og har eg truga pengar av nokon, gjev eg fire gonger så mykje tilbake.»

Å kjenna seg inkludert, var mykje viktigare for Sakkeus enn pengar.

Ha ei god helg!

Tekst: Lukas ev. 19, 1-10

Arild Hellesøy, prost på Voss

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.