HEROINNyhende
Ordet fritt:

Heroin til heroinavhengige

Den blågrøne regjeringa lanserer i desse dagar eit nytt steg i rett retning mot ein human narkotikapolitikk. Dei tyngste rusavhengige skal no få tilbod om heroinassistert rehabilitering. Eit steg i rett retning, og eg vil gjerne forklara korfor eg meiner det bør utvidast vidare.

AV
Publisert

Det virkar kanskje lite intuitivt å skulla gje heroin til personar som slit med heroinbruk. «Alkohol til alkoholikarar» og liknande samanlikningar er enkle å setja fram.

Det som derimot skjer er at dei tyngste rusavhengige som ikkje klarar å koma seg ut av det ved konvensjonelle behandlingsmåtar, no vil kunna sleppa å måtta kjøpa ulovlege rusmiddel av ymse kvalitet, men kan få dette hjå lege.

Det kontrollerer dosering og styrke på stoffet, som varierer stort på den illegale marknaden, slik at ein kan unngå overdosar. I tillegg får ein reine sprøyter og fasilitetar, som forhindrar infeksjonar og andre plager.

Nokre parti meinar at heroinassistert rehabilitering er å gje opp menneska, eg meinar motsett, det er å gje dei eit meir verdig liv vekk frå konstant jag etter rus.

I tillegg slepp ein å handla på den illegale marknaden, og på det viset finansierer ein ikkje smuglarar, mafia og terroristar.

Når ein får det utdelt slepp ein å skaffa pengar til eigen bruk, noko som gjer at denne gruppa ikkje finansierar eigen bruk ved å selja og rekruttera nye personar inn i miljøet, eller måtta driva kriminalitet eller tigging.

Dette er alle erfaringar me har frå andre land som har liknande system.

Når ein erstattar desse miljøa med trygt helsepersonell så kan ein også tilby vidare behandling for dei som ynskjer det. Og for dei som ikkje klarar koma ut av det så vil det uansett bety eit meir verdig, trygt og stabilt liv, vekk frå det illegale miljøet, til eit betre liv og livskvalitet.

Kvart år døyr fleire hundre personar av overdoser frå heroin og andre opioider i Noreg, omtrent dobbelt så mange som døyr i trafikken kvart år. Det er på tide at me tek grep for å hjelpa folk før det er for seint. Då må vitskap og dei varme hendene vinna over moralen. Det er mange me ikkje når med dagens ulike behandlingsmåtar, derfor er det no positivt at me får tilgang på alle verktøya for å hjelpa dei som treng det.

Geir Angeltveit, nestleiar Hordaland Venstre

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.