Gunn Berit Lunde Aarvik er død

Gunn Berit Lunde Aarvik (63), som mellom anna var ordførar på Voss i åra 2007-2011, døydde laurdag 9. juni.

AV Rolf Tepstad
Publisert
Oppdatert:

– Ho var på hytta på Hamlagrø, i gang med å hjelpa ein flokk kyr og kalvar til fjells, då ho brått fall om. Og livet stod ikkje til å redda, opplyser Svein Inge Styve, rektor på Voss vidaregåande skule, der Lunde Aarvik var tilsett som administrasjonsleiar.

– Måndagen vart difor starta med ei minnestund her på skulen, og me skal ha ei ny samling mot slutten av dagen. Heile skulen er i sjokk, men undervisninga skal gå etter planen. Alle andre tilskipingar er avlyste, seier Styve.

– Blid og engasjert

– Korleis vil du hugsa Gunn Berit?

– Som person var ho alltid i godt humør, smilande og blid. Og ho var alltid så engasjert i alt ho gjorde, på ein måte som òg motiverte folk rundt henne. Ho var økonomiansvarleg på skulen her, og i tillegg personalleiar for miljøfagarbeidarane. I arbeidet sitt var ho utruleg systematisk og alltid i forkant. Frå tida si i politikken hadde ho òg eit enormt kontaktnett, som me fekk nyta godt av. I tillegg var ho sentral med å byggja opp den nye skulen sin kultur. At ho no er borte, er både sårt og heilt ufatteleg, seier Svein Inge Styve.

– Gunn Berit kjem til å verta sakna djupt og inderleg på skulen vår!

Rektor Styve opplyser at Gunn Berit Lunde Aarvik vart tilsett som merkantil leiar ved gamle Voss vidaregåande skule i september 2012, men at ho sidan omstruktureringa opninga av nybygget i Skulestadmo fekk tittelen administrasjonsleiar.

Ekte friluftsmenneske

– At Gunn Berit gjekk bort i helga var ei trist melding å få. Heilt uverkeleg at ho ikkje lenger er med oss, og mine tankar gå til familien og dei næraste, seier vossaordførar Hans-Erik Ringkjøb.

Han minner om at ho ikkje berre var ordførar i fire år, i tillegg var ho gruppeleiar for Arbeidarpartiet og folkevald like frå 1995–2011.

– Ho gjorde ein stor innsats gjennom mange år på vegner av innbyggjarane på Voss, seier Ringkjøb.

– Sjølv om Gunn Berit og eg konkurrerte om same verv i 2007, ordførarjobben, hadde me ein god tone og eg har stor respekt for innsatsen hennar både som ordførar og folkevald. Difor var det spesielt kjekt at Gunn Berit takka ja til å vera kandidat til fylkestinget i 2015, og at ho vart vald inn som fast møtande der. Som ordførar hadde Gunn Berit mange krevjande saker, og det var både lærerikt og imponerande å sjå kor støtt ho stod òg i dei mest krevjande stridane.

Ryddig samarbeid

Særleg har idretten på Voss har hatt stor glede av Gunn Berit, legg Ringkjøb til.

– Eit brennande engasjement for idretten skein igjennom i mykje av det ho arbeidde med. Og, det viste att i kven ho var, nemleg eit ekte friluftsmenneske. I dei travlaste periodane var det å ha tid til å gå i fjellet noko ho ynskte seg meir av. Eg er takksam for den innsatsen og det politiske engasjementet Gunn Berit la ned, og me skulle svært gjerne hatt henne med oss i mange, mange år framover, seier Hans-Erik Ringkjøb, som tok over stafettpinnen som Ap-ordførar på Voss i 2011.

Sigbjørn Hauge (Sp), som var varaordførar under heile Gunn Berit Lunde Aarvik sin ordførarperiode minnest henne for eit godt og ryddig samarbeid.

Saken fortsetter under annonsen.

– Ho var lyttande og open for nye ting som skjedde undervegs i sakene. Samarbeidet var heilt uproblematisk, og elles hugsar eg spesielt kor glad ho var for å reisa på hytta og vera der. Hugsar også at ho budde der lange periodar om sommaren, og ofte pendla til jobben frå hytta. Eg vil hugsa Gunn Berit som sporty og ryddig, seier Sigbjørn Hauge.

Hardtjobbande

Då Gunn Berit Lunde Aarvik vart ordførar i 2007, hadde ho alt 12 år bak seg som kommunestyremedlem og åtte år i formannskapet.

Ho var òg leiar av Utvalet for miljø og kultur to år (2005-2007). I 2015 vart ho røysta inn til fast plass på Hordaland fylkesting, der ho fekk sete i komiteen for kultur, idrett og utvikling.

Gjennom alle åra hennar som ordførar på Voss, var Einar Hauge rådmann i kommunen.

– Dette var ei trist melding å få. Me som jobba i lag med henne som ordførar hugsar henne som ryddig, korrekt og ei som alltid var i godt humør. Ho var lett å vera i lag med, seier rådmannen.

– Gunn Berit brann for idretten og kulturen, og jobba hardt og engasjert for vossebygda sitt beste. Ho var leiar i byggjekomiteen for kulturhuset, og var svært engasjert i arbeidet med Voss knutepunkt heilt frå starten. Ho var ikkje den som i størst grad framheva seg sjølv, let i staden andre koma fram. Gunn Berit var ein lagspelar som var lett å samarbeida med, seier Hauge.

– Ho la aldri skjul på kor viktig fjellet og særleg stølen var for henne, og me opplevde henne som eit genuint friluftsmenneske. Eg sette stor pris på Gunn Berit Lunde Aarvik. Tankane går no til dei næraste.

Æresmedlem i Bulken IL

Gunn Berit Lunde Aarvik hadde òg eit livslangt engasjement for idretten, ikkje minst som leiar i Bulken IL.

– Eg meiner ho vart leiar fyrste gongen alt tidleg 80-talet, og at ho med eit avbrekk kring tusenårsskiftet var det like til i fjor då eg tok over, seier Magne Skjeldal, noverande leiar i Bulken IL.

– Ho stod dermed sentralt både med bygginga av anlegget i Eidshagen, hoppbakken i Tunåsen og Dalane skianlegg. Ho var òg sentral heile vegen gjennom Bulken IL sine stordomsperiode, då brørne mine Kristen og Gudmund saman med Arnstein Aas vann NM-stafetten og elles henta både OL-gull og anna heider kringom i verda.

Ved Bulken IL sitt 75-års jubileum i 2000 vart ho utnemnd som æresmedlem, ho er også vinnar av Edvard B. Hegbom sin minnepris (1992) for sin store dugnadsinnsats, seier Magne Skjeldal.

Åra kring 2000, då ho ikkje var leiar i Bulken, sat ho elles i hovudstyret til Norges Skiforbund. På fylkesnivå var ho no nestleiar i Hordaland Idrettskrets, kan Skjeldal fortelja.

– Gunn Berit må såleis kunna seiast å ha vore ein bauta i idretten på Voss!

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.