FARE FOR NYE RASNyhende

Gult varsel: Jordskredfare

Gult varsel fra yr.no: Fare for jordskred i Hordaland og Sogn og Fjordane.

AV Lars Olve Hesjedal
Publisert
Oppdatert:

Det er venta kraftige regnbyer på Vestlandet frå torsdag ettermiddag.

Ifylgje NVE er bratte skråningar, bekker og elveløp med stor vassføring spesielt utsett for skredfare. Gult er det lågaste varslingsnivået.

Det er torsdag ettermiddag det er størst fare for skred. Risikoen minkar natt til fredag.

– Me forventar ikkje spesielt mange skredhendingar, men me har nokon kraftige regnbyer på gang og me har mykje regn i forkant av uvêret, så det kan skje, seier vakthavande hydrolog Ann-Live Øye i NVE til NRK Sogn og Fjordane.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.