TANNHELSE:Nyhende
Ordet fritt:

God tannhelse – også for personar under tilsyn av heimesjukepleia

Fylkeskommunane har ansvaret for den offentlege tannhelsetenesta. Eldre og langtidssjuke under tilsyn av heimesjukepleia har rett på gratis behandling av den offentlege tannhelsetenesta jfr. tannhelsetenestelova § 1-3.

AV
Publisert

Ei sak i Dagbladet i vår syner likevel at berre ein liten del av denne gruppa tek i mot den gratis tannhelsebehandlinga dei har rett på. Ifølgje SSB var det berre 23 prosent av gruppa som vart undersøkt eller behandla i 2017. Fylkestannlegen i Hordaland opplyser at talet for Hordaland er 61 prosent, men desse tala uroar likevel Senterpartiet.

Kva som er grunnen til at så mange ikkje nyttar seg av tilbodet om gratis tannhelsebehandling, er vanskeleg å seie, men ei undersøking utført av forskarar ved Universitetet i Bergen peiker på at fleire eldre heimebuarar ikkje har personar som kan følgje dei til tannlegen. Sjølv om transport til og frå tannlegen ikkje er eit fylkeskommunalt ansvar, skal det ikkje vere slik at eldre og sjuke vert sjukare på grunn av manglande tannbehandling.

Regjeringa har sett ned det såkalla Blankenholmutvalet for å vurdere framtidige prioriteringar innan den kommunale helse- og omsorgstenesta og tannhelsetenesta. For Senterpartiet er det viktig at tann- helsetilbodet til eldre og langtidssjuke under tilsyn av heimesjukepleia får høgare prioritet og auka ressursar.

Det må vere gode samarbeidsrutinar mellom fylkeskommunen, som er ansvarleg for tannhelsetenesta, og kommunane, slik at pasientar får vite om rettane sine og får tilgong til tannbehandlinga dei har rett på. Det er òg viktig å finne gode og praktiske løysingar for transport til og frå tannklinikkane.

Hordaland Senterparti meiner det er viktig at retten eldre og langtidssjuke i heimesjukepleia har på gratis offentleg tannhelsebehandling vert ivareteken, uavhengig av bustad eller om dei har pårørande som kan følgje dei.

Alexander Fosse Andersen (Sp), nestleiar, Opplærings- og helseutvalet i Hordaland fylkeskommune

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.