Gjekk frå Voss til Stavanger for å feira 17. mai

Anne Lene Hagatun (31) og Sondre Elnes (25) gjekk i elleve dagar frå Voss til Stavanger for å feira 17. mai.

AV Ingvild Siglen Berger
Publisert
Oppdatert:

Paret fortel at turen var Elnes sin idé.

– Me har ikkje gått på nokon lengre turar i lag før. Så då blei det tur!

Dei to byrja å gå frå Voss 3. mai, og har gått 15–20 kilometer på kvar dagsetappe.

Ruta var slik:

  1. Voss – Granvinsvatnet (3. mai)
  2. Granvinsvatnet – Kinsarvik (4. mai)
  3. Kinsarvik – Nedre Børve (5. mai)
  4. Nedre Børve – Fresvik (6. mai)
  5. Fresvik – Sandvinsvatnet (7. mai)
  6. Sandvinsvatnet – Røldalsfjellet (8. mai)
  7. Røldalsfjellet – Brattlandsdalen (9. mai)
  8. Brattlandsdalen – Nesflaten (10. mai)
  9. Nesflaten – Hylsskaret (11. mai)
  10. Hylsskaret – Ritlandsvatnet, Suldal (12. mai)
  11. Ritlandsvatnet – Sand (båt til Stavanger) (13. mai)

Spesiell oppleving

Hagatun er frå Voss, medan Elnes er frå Rogaland. Målet med turen var å koma fram før 17. mai, for å feira nasjonaldagen med familien hans.

– Me kom fram med god margin!

På vegen har dei sett mykje flott natur, og fekk seg ei noko spesiell oppleving på Røldalsfjellet.

– Me var på veg gjennom ein tunell då me merka at det plutseleg vart veldig lite trafikk der inne. Då me kom ut på andre sida såg me at den var stengd fordi me gjekk gjennom. I tillegg var det ei ulukke i nærleiken, med brannvesen og politi i full utrykking. Dei plukka oss opp og køyrde oss ut, seier Hagatun.

Saken fortsetter under annonsen.

Elnes fortel at det var tillate å gå gjennom den omtala tunellen.

– Jau då. I tillegg var det 6 meter snø over han, pluss for mykje snøsmelting for å gå gamlevegen. Difor måtte me gjennom. Eg trur nok derimot politiet skulle ynskja det ikkje var lov, humrar han.

Lenger heim

Paret er samde om at dei har hatt ein fantastisk tur til Stavanger.

– Me har hatt ein dag med regn og elles berre sol. Det har vore heilt upåklageleg, seier Elnes.

No er dei klare for 17. mai-feiring, og i byrjinga av juni skal dei ta fatt på vegen heim att. Då vert turen endå lengre.

– Me skal bruka seks veker til Voss, rundt alle fjordane og me kjem til å gå kvar einaste meter. Det vert ikkje båtskyss eller noko sånt, ler Hagatun.

Ruta heim att går frå Randaberg til Sandnes, Frafjord, Eikjeskog, Mån, Fed, Blåfjellenden, Lysebotn, Nilsebu, til Blåsjø aust, Bleskestadmoen, Holmavatn, Haukeli, til Hellevassbu og så over Hardangervidda til Finse, ned Rallarvegen til Raundalen, eventuelt over fjella over Olsskavlen til Horndalsnuten, og så ned til Bømoen.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.