Gamle båtar om igjen

Rundt om i landet skal gamle tradisjonsbåtar byggjast til glede for nye generasjonar.

AV NPK-NTB-Kjersti Busterud
Publisert


Prosjekt som har fått støtte

  • Nordfjordbåt – bygging og bruk: Treårig prosjekt der det blir bygd tre nordfjordbåtar. Søkjar: Nordfjord folkemuseum
  • Nersetterbåten frå Drammensvassdraget: Toårig prosjekt der det blir bygt fem båtar. Søkjar: Nedre Eiker kommune og Drammen kommune
  • Kyrkjebåt: Bygging av ein kopi av tradisjonell kyrkjebåt frå Hardanger (tiæring). Søkjar: Hardanger Fartøyvernsenter v/småbåtverkstaden
  • Den grøne bybåten: Bygging av ein kopi av tradisjonell børsabåt frå 1920-talet. Søkjar: Båtskott trebåtbyggeri i Rissa
  • Jektebåt: Det skal byggjast tre spissbåtar av Rana-typen. Søkjar: Båtbyggjar Ulf Mikalsen på Kjerringøy
  • Nordlandsbåtar som klassesett: Toårig prosjekt. Det skal byggjast tre nordlandsbåtar, og éin skal setjast i stand. Søkjar: Båtbyggjar Kai Linde i Rognan
  • Sørlandssjekte: Det skal byggjast éi open sørlandssjekte. Søkjar: Bragdøya kystlag
  • Tradisjonsbåtar i Nordhordland: Det skal byggjast to tradisjonsbåtar. Søkjar: Kvernbit IL
  • Åfjordsseksring: Det skal byggjast éin åfjordsseksring. Søkjar: Fosen folkehøgskule
  • Bindalsfæring: Det skal byggjast éin bindalsfæring. Søkjar: Båtbyggjar Peder Øystein Slåttøy
  • Meir ut på fjorden!: Prosjektet går ut på å skapa eit breitt nettverk for å auka bruken av kystlaget sine sognebåtar på Nærøyfjorden. Søkjar: Indre Sogn kystlag
  • Båtbygging og kunnskapsoverføring i Porsanger: Treårig prosjekt der det blir bygd fire spissbåtar. Søkjar: Mearrasámi diethoguovddáš – Sjøsamisk kompetansesenter
  • Prambygging på Risør trebåtfestival: Kortkurs der det blir bygd tre prammar. Søkjar: Risør trebåtfestival
  • Geitbåtmuseet: Bygging av ein treroms geitbåt. Søkjar: Geitbåtmuseet avdeling Husasnotra
  • Lauvålibåt i Gausdal: Bygging av ein lauvålibåt. Søkjar: Gausdal husflidslag og Gausdal historielag
  • Robust robåt: Bygging av ein friborda oselvarfæring. Søkjar: Askøy kystlag
  • Brødrene Marcussen gigg: Bygging av ein gigg. Søkjar: Dypvåg totaktklubb
  • Skulefæring: Bygging av ein lokal færing. Søkjar: Ørskog skule
  • Rogalandsbåtar: Toårig prosjekt der det blir bygd to rogalandsbåtar. Søkjar: Leirong kystlag og Ytre Ryfylke kystlag
  • Bybåt Bergen: Bygging av ein seksæring. Søkjar: Sandviken kystlag, Bergen kommunale Kystkultursenter og Noregs fiskerimuseum
  • Båtkurs: Bygging av kutterjolle til roing. Søkjar: Hitterøy kystlag
  • Snidbetning: Treårig prosjekt der det blir bygd ein femrøring. Søkjar: Stiftinga Sunnmøre museum
  • Spisse Ersfjordbotn: Bygging av ein spisse. Søkjar: Bjørns naust
  • Leirskuleprammar: Bygging av fire Skåtøy-prammar. Søkjar: Knattholmen leirskule
  • Strandebarmarar: Bygging av to færingar. Søkjar: Universitetet i Søraust-Noreg
  • Seksringar: Bygging av to nordlandsseksringar. Søkjar: Salta kystlag
  • Tradisjonsbåtopplæring: Bygging av ein nordlandsbåt. Søkjar: Grøtavær leirskule
  • Sørlandsprammen: Bygging av tre Agder-prammar. Søkjar: Båtbyggjar John A. Andersen

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.