ORDET FRITTNyhende
Ordet fritt:

Fulle eller tomme skuffer

Vidar Skeie i Voss senterparti er lite glad for at samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen har sagt at «Vi kom til ganske tomme skuffer da vi overtok regjeringsmakten i 2013». På ein måte har vel Skeie rett, skuffene var ikkje tomme, dei var fulle – av papir!

AV
Publisert
Oppdatert:

Historia om Ringeriksbana etter Stortingsvedtaket i 1992 er eit sørgjeleg døme på det. Det Stortinget vedtok, var hovudsaka, at det skulle koma direkte bane mellom Oslo og Hønefoss, og bana var kostnadsrekna til rundt 3 milliardar. Men så kom dei fyrste planane, og i år etter år var det storm og klagar, utan at saka kom ein millimeter lenger.

Alle slags regjeringar prøvde seg, fyrst Gro og Jagland, så to gonger Bondevik (med Senterpartiet), så to gonger Stoltenberg, frå 2005 med Senterpartiet, og frå 2013 Solberg (utan Senterpartiet). Papirhaugen auka og auka, og då Liv Signe Navarsete i 2009 skulle greia ut høgfartsbane vart skuffene endå meir fylte – av papir. No var det dobbeltspora høgfartsbane, og for godt mål, knytt til firefelts veg i same slengen.

Om nokon synest dette liknar litt på korleis rassikring mellom to tunnelar ved Kjeneset vart til K5 med firefelts veg og dobbeltspora bane, skal eg ikkje seia dei i mot.

Ein ting har me lært: Planleggarar og konsulentar elskar mammutplanar, helst om dei ikkje risikerer at planane vert realiserte. Ringeriksbana har fått tidobla kostnad i planleggingsåra, K5 veit ingen sikkert kva vil kosta. Treng ein samanlikning kan ein ta ny Ulrikstunnel, som starta med nokre hundre millionar og tre-fire års byggetid. No nærmar anlegget seg slutten (om tre-fire år), og millionane er vortne til milliardar. Ulrikstunnelen i 1964 kosta 40 millionar og var bygd på tre-fire år.

Demokrati kostar pengar, men fyrst og fremst år. Då vegsystemet i Bergen braut saman, tok det femten år å drøfta seg ferdig – og mindre enn ti år å byggja alle vegane og bruene.

Og skuffene vert fullare og fullare. Det einaste nye er at papira har endra seg til å verta digitale!

Kjartan Rødland

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.