Flaumen:

Frykta storflaum att

Sundag ettermiddag stig Vangsvatnet enno jamt og trutt. Halve campingplassen står no under vatn.

AV Katrine Nordanger Mjelde
Publisert
Oppdatert:

Sundag ettermiddag registrerte NVE sin målar for vasstand på Bulken eit nivå på 5,03 meter over nullpunktet. 

Vatnet nærmar seg både Park og Kulturhuset.

– Det ser ut som det nærmar seg i underkant av ein tjueårsflaum. Det skal i grunnen ikkje skje så ofte, men siste tida og åra har det vore mykje flaum på Voss, seier vakthavande i flaumvarslinga Thomas Væringstad.

Vasstanden på Kinne og på Bulken stig framleis.

– Her vil det stiga utover kvelden. Det er temmeleg høge nivå no, seier han.

Beredskap i kommunen

– Me treng ikkje mykje meir regn no før det vert kritisk, seier ordførar Hans-Erik Ringkjøb.

Han har sjølv vore nede i Prestegardsmoen sundag og sett på vatnet som stig og stig.

– Det er flott å sjå at folk fylgjer med og sikrar eigendelane sine. Det er viktig å ta desse varslingane på alvor og vera føre var, seier han.

Mannskap frå tekniske tenester er ute på jobb og fylgjer med på flaumen.

– Det er vanskeleg å seia korleis dette vil utarta seg. Prognosane for regn er så sprikande, men me fylgjer med, seier Ringkjøb.

Saken fortsetter under annonsen.

Fryktar storflaum

Eigaren på Voss camping, Sandy Mathieson, har vore i full sving heile sundagen med å få rydda vekk inventar frå sanitærbygget og sikra området.

– Det er ikkje mykje me kan gjera med vêret. Me må berre sikra oss så godt som mogleg.

No held han på med å tømma sanitærbygget. Vaskemaskinar og kjøleskåp vert køyrde vekk med traktoren.

– Eg vil og seia at det er heilt fantastisk at så mange stiller opp og hjelper til. Det er flott å sjå. Det har vore frivillige her i heile dag og jobba, seier han.

Aktivitetsparken står godt under vatn og Vangsvatnet har breidd seg utover campingplassen.

På vakt utover kvelden

– Det er synd at det er så mykje flaum. Det har vore ille dei siste åra. Dei som har campingvogn her blir sjølvsagt oppgjevne når det skjer gong på gong, seier Mathieson.

Han og dei andre ved campingplassen står på vakt utover kvelden.

– Me får berre sjå korleis dette går, men eg fryktar at det kjem mykje vatn utover kvelden og natta, seier han.

Norges vassdrags- og energidirektorat har sendt ut oransje varsel om jord- og skredfare i Hordaland og Sogn og Fjordane. Fargen betyr at det kan oppstå utfordrande situasjonar som flaum og erosjonsskadar på utsette stader.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.