I NYE LOKALENyhende

Friskus i nye lokale i Vossabadet

1. mai flytta Friskus AS inn i Vossabadet sine lokale.

AV Ingvild Siglen Berger
Publisert

– I tillegg til kjempefine lokale og hyggjelege folk å dela kontorstad med, så er dette heilt i same ånd som Friskus. Eg trur me kan få til eit spennande samarbeid, seier Lene Sælen, produkteigar i Friskus AS.

Både gjengen i Friskus og badesjef Geir-Ole Selland meiner dei no kan operera tettare saman, og det har vore ein tanke heilt sidan ideen om innflyttinga kom.

– Vossabadet er jo folkehelsa si høgborg på Voss. Me er ikkje eit kommersielt badeland med bylgjebasseng og pommes frites. Viss me kan vera med å skapa endå betre folkehelse på Voss, så har me verkeleg fylt vår misjon. Difor tykkjer eg det er kjekt å ha Friskus her, seier Selland.

Planlegg «stunt»

Begge bedriftene har folkehelse i fokus, og no har dei store planar på gang, som førebels er ein smule hemmelegstempla.

– Me har lyst å gjera noko kjekt i høve av at Friskus er etablert som prosjekt i Voss kommune. I tillegg er jo Vossabadet etablert som eit kjempetilbod til bygda, og difor vil me gjera noko spennande saman for å kopla frivillig innsats med endå meir folkehelse, seier Sælen.

Kryptisk

Planane er eit «stunt», eller ein «kickstart», ifylgje henne og Selland, som vil bli lanserte rett før sommaren.

– Det vert eit prøveprosjekt saman med kommunen. Så får me sjå kva som skjer etter sommaren, seier Sælen kryptisk.

Ho opplyser at det er Berit Kleppe som er prosjektleiar for Friskus i Voss kommune.

– Prosjektet har kome veldig langt og engasjerer mange som driv med aktivitet og frivillig innsats Me håpar det vil nå ut til endå fleire i løpet av hausten, fortel Sælen.

Nytilsett

No reiser dei land og strand rundt til ulike kommunar for å få dei med i prosjektet. Dei har òg nyleg tilsett Ingrid H. Rabben, som startar i jobben som prosjektleiar for Friskus 1. august. Ho jobbar for tida i Voss kommune.

– Eg gler meg veldig, det vert spennande. Eg trur jobben er veldig variert og ser for meg at den vert mykje til mens ein går, seier Rabben.

– Ho kjem til å vera rundt i kommunane, støtta dei, ha opplæring og «workshops». Ingrid har fylgt oss lenge og er veldig engasjert, fortel Sælen.

Kjem til å veksa

I tillegg er Christine W. Naasen tilsett i eit engasjement. Sælen trur dei kjem til å verta fleire.

– Me ser definitivt føre oss at me kjem til å veksa dei neste åra. I Noreg er det no veldig mange kommunar som er ute etter og treng å systematisera og jobba integrert med frivillig innsats. Me opplever at dei treng eit digitalt verktøy og at kommunane er opptekne av frivilligheitspolitikk, forklarar Sælen.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.