FORLÈT VOSSAFÅR-FABRIKKENNyhende

Frå Vossafår til Vestskog

Guro K. Christensen er tilsett som ny produksjonssjef i Vestskog SA.

AV Geir Geitle
Publisert
Oppdatert:

Som produksjonssjef får ho ansvaret for innkjøp og produksjon av kvalitetstømmer frå Vestlandet, melder Kjetil André Rødland, dagleg leiar i Vestskog, i ei pressemelding.

– Guro vil få ansvaret med å utvikla Vestskog si forretningsdrift. Dette femner om innkjøp av tømmer frå skogeigarar, sal av tenester til desse og utvikling av Vestskog sin produksjonskapasitet. Føremålet er at skogeigarsamvirket skal vera i stand til å handtera aukande tømmervolum i åra som kjem, held han fram.

Busett på Voss

Guro K. Christensen er busett på Voss og kjem frå stillinga som fabrikksjef på Vossafår-fabrikken. Der tok ho til i 2008.

Ho har mastergrad i human ernæring frå Universitetet i Bergen. Ho har også høgskuleutdanning innanfor næringsmiddelfag og økonomi og administrasjon. Tidlegare har Guro mellom anna arbeidd som slakteleiar ved Nortura sitt slakteri i Sandeid og i Mattilsynet.

Startar til hausten

Guro K. Christensen vil starta i jobben sin i løpet av seinhausten 2018.

Ho vert tilknytt både Vestskog sitt hovudkontor på Kokstad i Bergen og Vestskog sitt kontor på Voss.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.