FORESEINKA:Nyhende

Fleire hundre råka av forseinkingar etter tunellbrann

Reisande blir sende med buss for tog. Når tunellen opnar er framleis usikkert.

AV Siri Flatlandsmo
Publisert
Oppdatert:

– Bergen-Trengereid er stengt for togtrafikk. Dette skyldes brann ved sporet. Du må regne med forsinkelser og innstillinger, skriv Vy på sine nettsider.

Etter det tok fyr i isolasjon i Ulrikstunellen mellom Bergen og Arna torsdag morgon, har forseinkingane på Bergensbanen blitt store.

All togtrafikk mellom Bergen og Trengereid står framleis stilt.

Buss for tog

Det var femti meter inne i tunellen frå Arna-sida at isolasjonen tok fyr like før klokka sju torsdag morgoon. Undersøkingar pågår framleis, ogs straumen på denne strekkja er skrudd av.

I staden går den denne morgonen buss for lokaltog til Arna og Trengereid.

Regionoget til Oslo er blir også erstatta av buss. Dei som skulle reist med morgontoget blir sendt med buss til Voss, og tog vidare til Oslo. NRK Hordaland opplyser det her er snakk om kring 300 passasjerar.

Usikkert når tunellen opnar

Bane Nor opplyser om at dei kjem tilbake med meir informasjon klokka 14. 

Brannårsaka er framleis ukjend.
 

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.