FLAUMNyhende

Fare for ras og flaum

Laurdag og sundag er det venta mykje regn på Vestlandet og farenivået for jordskredras og flaum er justert opp.

AV Katrine Nordanger Mjelde
Publisert
Oppdatert:

Det er meldt mykje regn laurdag og sundag i Hordaland og Sogn og Fjordane. Jordskredfaren er justert opp til gult nivå og flaumfaren til oransje nivå. Intensiteten på nedbøren vil variera, og det blir meir kraftig nedbør frå sundag ettermiddag.

– Vassføringa på Bulken stig, og det er meir vatn på veg inn i Vangsvatnet enn på veg ut. Ifylgje vêrvarselet blir det mindre regn utover dagen og fram mot sundag ettermiddag. Då kjem det igjen kraftig nedbør og flaumfaren aukar, seier vakthavande i NVE Tommy Skårholen.

Det er fleire vassdrag som er oppjustert til farenivå oransje. Nedbøren vil kome som regn til topps i fjella og der det ligg snø eller bre vil det auka vassføringa.

Stengd veg

Laurdag føremiddag vart fylkesveg 345 i Modalen stengd grunna flaum. Då hadde elva langs vegen gått over sine bredder.

Det er meldt om gult fare nivå for jordskred og oransje nivå for flaum.

knm@avisa-hordaland.no

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.