TRENARNyhende

Egil Gjelland ny landslagstrenar i Tsjekkia

Egil Gjelland har fått jobben som hovudtrenar for Tsjekkias skiskyttarlag.

AV Katrine Nordanger Mjelde
Publisert
Oppdatert:

NRK skriv tysdag ettermiddag at Egil Gjelland har fått jobben som landslagstrenar for det tsjekkiske skiskyttarlaget. Det er det tsjekkiske medium som melder. 

Det skal vera etter at den tidlegare trenaren, Ondrej Rybar, gjekk over til rolla som sportsdirektør, at Gjelland har blitt tilsett som hovudtrenar for landslaget. 

Gjelland har tidlegare vore landslagstrenar for menn elite i Noreg frå 2014–2016.

Til 2014 var han og landslagstrenar for kvinnene.

Gjelland har ikkje ynskt å kommentera saka til NRK for augneblinken.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.