HERNyhende

Dyrare på kyrkje­gardane i Ulvik

Festeavgiftene for graver på kyrkjegardane i Ulvik vert sett opp, fordi det trengst auka inntekter.

AV Sigrid Seim
Publisert
Oppdatert:

Ulvik kyrkjeleg fellesråd ynskjer å setja opp avgiftene frå 1. juni.

Formannskapet har støtta ynsket, og saka kjem seinare til avgjerd i heradsstyret. Avgiftene vart sist endra frå 1.1. 2014.

Framlegga no lyder på 150 kroner året for grav ved sida av (bolk på ti år), likeins der fribolken er gått ut.

Festeavgift for utanbygds skal betalast frå fyrste dag, og er også på 150 kroner året (i ein bolk på 20 år). Nytt er det at det er dobbel festeavgift for graver frå 60 år og oppover.

Ved gravferder når avdøde var busett utanfor kommunen kostar det 8.500 kroner for graving av kistegrav, og 2.000 kroner for urnegrav, er framlegget frå Ulvik kyrkjeleg fellesråd.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.