MIDLAR TIL PLANLEGGING AV NY E16Nyhende
Statsbudsjettet:

Desse vegprosjekta får pengar

Regjeringa vil setja av 59 millionar kroner til vidare planlegging av ny veg og bane mellom Arna og Stanghelle.

AV Sara Finne
Publisert
Oppdatert:

Regjeringa føreslår å løyva 35,9 milliardar kroner til vegføremål i 2018. For vårt distrikt inneber dette:

E16 Vossebanen Stanghelle-Arna, Bergen og Vaksdal kommune:

Regjeringa vil setja av 59 millionar kroner til vidare planlegging av ny veg og bane mellom Bergen og Voss, på strekninga Arna-Stanghelle. Summen dekkjer planleggingsutgiftene for både veg og bane i 2018.

Rv. 13 Joberget, Granvin kommune:

Regjeringa føreslår 85 millionar kroner i statlege midlar til å fullføra arbeida med skredsikring av rv. 13 ved Joberget i Granvin. Midlane i 2018 vil gå til restarbeid og sluttoppgjer.

Rv. 13 Deildo, Ullensvang kommune:

Regjeringa vil setja av midlar til å vidareføra arbeida med skredsikring av rv. 13 ved Deildo. Anleggsarbeida starta i desember 2015, og prosjektet er venta ferdig i juni 2018.

Saken fortsetter under annonsen.

Rv. 13 Hardangerbrua, Ullensvang og Ulvik kommune:

Regjeringa vil setja av midlar til refusjon til bompengeselskapet etter ordninga med alternativ bruk av ferjetilskot for utbygginga av rv. 13 Hardangerbrua.

E16 Kollektivterminal, Voss kommune:

Regjeringa vil setja av midlar til statleg refusjon etter bygging av kollektivterminal ved Voss stasjon.

Rv. 7 Gang- og sykkelveg, Eidfjord kommune:

Regjeringa vil prioritera midlar til å byggja gang- og sykkelveg langs Eidfjordvatnet på rv. 7.

Pengar til flaumsikring på Voss

I tillegg får Voss kommune midlar til førebygging av flaum og skredskader. Regjeringa føreslår å løyva 254 millioner kroner til dette på landsbasis, der 203 millionar av millionane skal gå til å gjennomføra kartleggings- og sikringstiltak. Midlane skal også gå til Odda kommune. 

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.