Den dyraste vegen i Noreg for 80 år sidan

Laurdag 21. oktober i 1939, for 80 år sidan måndag, opna det som BT i si tid kalla for Noregs dyraste veg.

AV Jan-Egil Dyvik
Publisert


Fylkesveg 569

  • Fram til vegen vart bygd i perioden 1920 til 1939, var folket i Eksingedalen avhengig av båt for å nå ut til resten av samfunnet. 
  • Vegen vart delt opp i over 200 mindre og større parsellar, og lyst ut på akkord til ulike arbeidslag. 
  • Etter 640.000 timar og 1.220.000 kroner stod vegen ferdig. 
  • Anlegget fekk då status som det dyraste veganlegget i Noreg 
  • At vegbygginga tok såpass lang tid skuldast i hovudsak det ulendte terrenget med stupbratte fjellsider ned mot Eidsfjorden. 
  • Nokre stader er terrenget så bratt at det var nødvendig med ni tunellar. Veg mellom Dalseid og Straume vart påbyrja i 1935 og ferdigstilt 1957.
  • Langs vegen vart det bygt fleire bruer, mellom andre Eidsland bru – ei betongplatebru frå 1939, og steinkvelvbrua Hesjedalsfossen bru frå 1930.
  • Då vegen stod ferdig mangla framleis bru over Bolstadstraumen, og inntil Bolstadstraumen vart opna i 1963, gjekk det skyssbåt over fjorden. 
  • Kjelde: Riksantikvaren

 

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.