EKSONyhende

BKK set i verk tiltak i Ekso

Sundag ettermiddag melder BKK at dei vil setja inn fleire tiltak i elva Ekso for å hindra at liknande skjer igjen.

AV Katrine Nordanger Mjelde
Publisert
Oppdatert:

BKK set i verk fleire tiltak for at hendinga i elva Ekso ikkje skal gjenta seg. Laurdag pumpa BKK vatn med for høgt luftinnhald ut i elva frå Myster kraftverk.

Dette førte til at mykje fisk er død. Eit stykke lenger oppe i elva hadde ei rist gått tett ved vassinntaket til kraftverket. Difor har det kome inn store mengder luft i kraftverket. Lufta vart piska inn i vatnet under høgt trykk i turbinen. Dette har blitt sleppt ut igjen i elva nedanfor kraftstasjonen.

– Me beklagar sterkt denne hendinga og vil gjera det me kan for at det ikkje skal skje igjen. Me skal nøye granska hendinga, men me ser fleire strakstiltak som me set i verk så raskt det let seg gjera, seier Olav Osvoll, konserndirektør Produksjon i BKK.

Har alarm

Dei skal mellom anna innføra måling av luftinnhaldet i vatnet ved utløpet frå kraftverket. Då vil ein få oversikt over om det er luftovermetning i vatnet.

I tillegg til måling av luftinnhaldet i vatnet, vil dei bruka dykkarar eller ein fjernstyrt miniundervassbåt (ROV) til å inspisera rista. Rista er utstyrt med ein automatisk grindreinskar, men det er behov for å sjå om det kan liggja igjen plast eller gjenstandar som hindrar gjennomstrøyming av vatn.

BKK har i dag alarm på trykkfall i vassvegen som gjev indikasjon på at rista er tett. Alarmverdien er justert opp, slik at BKK tidlegare vil få eit varsel om når rista er i ferd med å bli tett.

Samarbeid

Det har i mange år vore tett samarbeid mellom Uni Reserach, BKK og Ekso elveeigarlag for å gje gode levevilkår for fisken.

– Me vil ha eit møte snarleg med elveeigarlaget om dette. Me vil fortelja om hendinga og kva me planlegg å gjera av tiltak for å unngå at dette skal skje igjen, seier Osvoll.

Les også

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.