DØDSULUKKENyhende

Bilførar funnen død i Granvin

Ein person vart funnen død i ein bil i Granvin sundag. – Personen har fått eit anfall, trur politiet.

AV Ørjan Brattetveit
Publisert
Oppdatert:

– Kl. 12.21 fekk operasjonssentralen i Vest politidistrikt melding om ei trafikkulukke på Nesheim i Granvin herad, melder operasjonsleiar Stein Rune Ø. Halleraker i Vest Politidistrikt.

Ulukka skjedde sundag føremiddag. 

Fyrstehjelp

Ein bil hadde køyrd av vegen og ein person sat livlaus bak rattet.

Dei andre naudetatane vart umiddelbart varsla, og både politi, brannvern, ambulanse og luftambulanse kom til staden.

– Ambulansen var fyrst på staden, og det vart sett i gang fyrstehjelp. Livet stod diverre ikkje til å redda, og personen vart erklært død av lege, opplyser Halleraker.

Undersøkt åstaden

Politiet har undersøkt åstaden, og no er det ikkje noko som tyder på at det har skjedd noko straffbart.

– Det ser ut til at avdøde har fått eit anfall under køyring. Det var mindre materielle skader på bilen, og det tyder på at den har trilla ned ei mindre skåring i lav hastigheit. Det er heller ikkje noko som tyder på at andre køyretøy eller personar har vore involverte i hendinga, som skjedde på ein mindre gardsveg, opplyser politiet.

Dei pårørande er varsla.

Mannen budde i området der han vart funnen. 

Saka vert etterforska av Indre Hordaland lensmannsdistrikt.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.