TESTAR VISER SKILNADNyhende

Bilbeltet fungerer dårlegare med tjukk jakke

Testar viser at bilbeltet ikkje fungerer optimalt dersom ein har tjukk jakke på seg.

AV NPK
Publisert

Vinterferien nærmar seg, og snart vil tusenvis leggja turen til fjells. Dei aller fleste med bil, nokre med tog eller buss. Det dei færraste vil tenkja på når dei set seg inn i ein kald bil med boblejakka på, er at det kan avgjera kor stor skade ein blir påført i eit eventuelt bilkrasj.

– Kollisjonstestar viser at bilbelte ikkje fungerer optimalt viss ein har ei tjukk jakke på seg. Ved oppbremsing eller samanstøyt vil kroppen bevega seg framover meir enn viss ein ikkje har jakke og dermed bilbelte tett inntil kroppen.

Dette kan gje store utslag, sjølv i moderat fart, seier Espen Opedal, direktør i Tryg Forsikring.

4 av 10 drepne utan bilbelte

Ein reknar med at eit bilbelte reduserer risikoen for å bli drepen med opptil 50 prosent for førar og framsetepassasjer, ifylgje Statens vegvesen. Likevel er det mange som faktisk ikkje bruker bilbelte. Nær 4 av 10 drepne i bilulukker i 2016 brukte ikkje bilbelte, viser tal frå Vegvesenet.

– Det held ikkje berre å bruka bilbelte, ein må bruka det rett og ha det stramt over hoftene og skuldra. Med slakk blir kroppen kasta framover ved samanstøytar, og då kan du få eit trykk over magen på fleire hundre kilo. Det kan gje store indre skadar, seier Opedal.

Lat ikkje born festa sjølve

Det svenske forsikringsselskapet Folksam har tidlegare utført ein omfattande kollisjonstest retta mot born. Testen vart utført i 50 km/t med ei dokke som svarar til ein seksåring.

– Lærdommen frå denne testen er at ein i alle fall ikkje må lata små born få lov å festa beltet åleine, utan at ein vaksen sjekkar at beltet sit som det skal, tett inntil kroppen, seier Opedal.

Statens vegvesen trur at det ville vore 30 til 40 færre drepne i trafikken kvart år viss alle brukte bilbelte i bil og buss, alltid.

Lurar du på effekten av å bruka bilbelte, kan du tenkja på fylgjande:

▪ Å kollidera i 50 km/t utan bilbelte svarar til eit fall på 10 meter.

Saken fortsetter under annonsen.

▪ Å kollidera i 70 km/t utan bilbelte svarar til eit fall på 19 meter.

▪ Å kollidera i 90 km/t utan bilbelte svarar til eit fall på 32 meter.

Blir du tatt for manglande bruk av bilbelte i bil eller buss, kan du få eit gebyr på 1500 kroner.

Trafikken i 2017

▪ I 2017 omkom 107 menneske i trafikken i Noreg.

▪ Det er 28 færre enn i 2016, og det lågaste talet på omkomne på norske vegar på 70 år.

▪ Flest dødsulukker var det i Hordaland, føre Akershus og Rogaland.

▪ Vegvesenet sine førebels tal viser at det var 76 menn og 31 kvinner som omkom.

▪ Over halvparten av dei omkomne var menn over 45 år.

▪ Prognosar frå Statens vegvesen viser at vel 620 personar vart hardt skadde i trafikken i Noreg i 2017.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.