Bergsdalstunet og Vaksdal Turlag kjem på TV

Torsdag 18. januar skal det nyskipa Vaksdal Turlag vera med på NRK-programmet «Norge nå» – som skal gå frå Bergsdalstunet.

AV Jan-Egil Dyvik
Publisert

Det fortel Arild Soltvedt, som er leiar for interimsstyret i turlaget i Vaksdal.

Temaet for sendinga denne kvelden er Den Norske Turforening som er 150 år.

– Den nyaste medlemen i laget er nett oss, og då vart det heilt naturleg for oss å vera i Bergsdalen. Her skal me mellom anna fortelja litt om bakgrunnen for at me har skipa eit turlag i kommunen, seier Soltvedt.

Direktesending

Rett nok er ikkje laget formelt skipa, men det vil skje på stiftingsmøtet/årsmøtet midtveges i februar, legg Soltvedt til. «Norge Nå» er vel som eit direktesendt talkshow, og om ikkje vêret vert altfor gale, så skal alt føregå utandørs.

– Det ligg rundt ein meter snø her no – og det er fleire plussgrader. Men dette gler me oss til, er kommentaren frå Helge Terje Fosse på Bergsdalstunet.

Han har nett sjekka at det er nok straumuttak til TV-folka.

Skapa turstemning

Soltvedt ynskjer at dei som vil, tek turen til Bergsdalen torsdag i komande veke.

– Ei inkluderande turstemning er nett det NRK-folka ynskjer å skapa. Det trur eg me skal klara, så her er det berre å leggja det inn i kalenderen, fortel Soltvedt.

Lars Monsen kjem også, etter som me forstår. – Men det er sjølvsagt god plass til fleire i tunet, legg Soltvedt til.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.