Båt gjekk ned - fryktar oljesøl

Ein trebåt har onsdag føremiddag sokke på motorverkstaden på Stamnes. Ein god del olje flyt i sjøen.

AV Geir Geitle , Jan-Egil Dyvik
Publisert
Oppdatert:

Det var onsdag føremiddag i 11-tida at båten gjekk ned, ifylgje folk på staden.

Naboane høyrde kraftige smell då taua som båten var fortøydd med, rauk.

– Sterk diesellukt

– Her er sterk diesellukt over heile Stamnes-bygda, seier Jan-Egil Dyvik, Hordaland sin journalist som er på staden.

Kommunen er varsla, og ifylgje meldingane var brannmannskap på veg til Stamnes kort tid etter.

Litt over klokka 12 var dei fyrste brannmannskapa på plass. Før klokka 13 hadde mannskapa lagt ut rundt 100 meter med oljelenser rundt båten.

Ein av dei andre båtane som den sokne båten låg inntil, har fått litt slagside og det er slått hol i båten over vasslinja. Brannmannskapa på staden fryktar at også den båten kan koma til å søkkja.

Like før klokka 15 twitra brannvesenet at dei hadde kontroll på oljelekkasjen i sjøen ved Stamnes.

Avtale om fjerning av båtane

Eigaren av motorverkstaden har i vår inngått ein avtale med Vaksdal kommune om å fjerna nokre av båtane ved motorverkstaden etter ein nærare fastsett tidsplan.

Den eine av båtane vart fjerna tidlegare i vår. Saka med båtar som har stått lagra ved motorverkstaden har vore ein gjengangar både i kommunale organ og i media i seinare år.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.