Bane Nor vann saka etter Hallingskeid-brannen

Borgarting lagmannsrett har slege fast at Bane Nor ikkje er erstatningspliktige etter togbrannen på Hallingskeid i 2011.

AV Ingvild Siglen Berger
Publisert

Dermed er det slutt på den fem år lange krangelen om kven som skulle ta rekninga på 150 millionar kroner etter togbrannen. Det melder NRK Hordaland.

Tysdag denne veka konkluderte lagmannsretten med same resultat som tingretten gjorde for to år sidan. Saka har inneheldt det som truleg er Noregshistoria sitt største regresskrav, som Bane Nor altså slepp å betala.

Det var forsikringsselskapet som stilte regresskravet etter brannen, fordi dei meinte at sveisearbeid på overbygget kunne ha løyst ut brannen.

I dommen heiter det at dette ikkje er bevist med sannsynsovervekt å vera brannårsaka. Vidare fanst det andre alternative brannårsaker som ikkje kan sjåast bort frå.

– Eg er glad for at lagmannsretten held oppe tingrettens dom. No skal me lesa heile dommen i ro og mak, seier områdedirektør Tony Dæmring i Bane Nor til NRK.

Begge partar har ein månads frist for å anka dommen.

Det var torsdag 16. juni i 2011 at eit tog på veg frå Bergen til Oslo køyrde inn i eit brennande snøoverbygg på Hallingskeid. Ingen av dei 257 passasjerane vart skadd, men heile togsettet brann opp.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.