NOREGS MÅLLAGNyhende

Aftenposten fekk Målblome for å opna for nynorsk

Aftenposten og sjefredaktør Espen Egil Hansen er tildelt Målblome frå Noregs Mållag.

AV Geir Geitle
Publisert

– Det er fordi Aftenposten har vedteke nye språkreglar som tek eit langt steg i retning av å tillata nynorsk på redaksjonell plass, smiler Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Saman med kulturredaktør Sarah Sørheim tok Espen Egil Hansen imot blome og diplom som eit synleg prov på at Noregs Mållag er svært glade for dei nye retningslinjene i Noregs største avis.

– Nynorsk unnataket

Espen Egil Hansen sette tydeleg pris på merksemda. Han understreka at moderat bokmål framleis skal vera viktigaste språket i avisa, og at nynorsk også i framtida vil vera unnataket.

Han sa at dei nye retningslinjene er ei skriftfesting av ein praksis avisa har blitt styrt etter i fleire år, og at dei kjem som ein konsekvens av samarbeidet med Bergens Tidende, av ein ny generasjon journalistar og at mediekvardagen er blitt meir mangfaldig.

– Dessutan vil eg hevda at det i 2018 vil vera umoderne å ha eit absolutt forbod mot nynorsk på redaksjonell plass, seier Espen Egil Hansen.

Stor glede i mållaget

Når det gjeld grunngjeving for Målblomen, opplyser Magne Aasbrenn fylgjande i ei pressemelding:

– I Noregs Mållag er me overtydde om at nynorsk kan nyttast til alt slags stoff i pressa, og vi er svært glade for at Aftenposten nå har endra retningslinjer for bruken av bokmål og nynorsk. I dei nye reglane står det at Aftenpostens medarbeidarar i enkeltståande kommentarar, reportasjar og intervju kan bruka nynorsk, og det blir innført ein hovudregel om at innkjøpte artiklar frå andre Schibsted-aviser ikkje skal setjast om til bokmål. Det er ei historisk opning for nynorsken i landets største avis og ein milestolpe i arbeidet vårt i Noregs Mållag.

Også i VG

Dei siste åra har mållaget opplevd at murane mot å bruka nynorsk skriftmål i alle samanhengar har blitt lågare over heile landet. I fjor opna VG for bruk av nynorsk i enkeltståande artiklar. Seinast sist veke rapporterte redaktør Gard Steiro at det berre hadde gitt positive tilbakemeldingar frå lesarane.

– Når også landets største avis opnar for nynorsk, viser det i praksis at både bokmål og nynorsk er offisielle norske skriftspråk. Dette har mange positive sider ved seg. Det aukar motivasjonen for å læra nynorsk hjå skuleelevar over heile landet, ikkje minst i dei såkalla nynorskområda, meiner Aasbrenn.

Erfaringar på sikt

– Det vil vera ei tilskunding for andre bokmålsdominerte aviser, som Dagbladet, til også endeleg å sleppa nynorsken til. Det hindrar at nynorskskrivande journalistar i Stavanger Aftenblad og Bergens Tidende får oppleva at den journalistiske integriteten deira blir redusert ved at dei «må» omsetjast til bokmål. Og kanskje viktigast av alt for mediehuset sjølv, er det at dei nye, språklege retningslinjene aukar Aftenposten sin integritet som liberal og open avis som skal dekkja det som skjer over heile landet. Sjølv om ikkje dei nye språkreglane er ei full opning for nynorsk, vonar me at erfaringane på sikt vil tilseia ei endå meir omfattande liberalisering, uttalar Aasbrenn.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.