FEKK JOKERENNyhende
Vaksdal:

61-åring vart Joker-millionær

Med helga vann Åge Samuelsen (61) frå Vaksdal 2,3 millionar kroner under laurdagens Joker-trekning.

AV Ingvild Siglen Berger
Publisert
Oppdatert:

Ettersom han ikkje var heime under trekkinga, var det datamaskinen «Embla» som trekte tala for han. Vaksdølingen hadde skikkeleg flaks og fekk joker på det siste talet.

Samuelsen vann til slutt 2.299.000 kroner.

– Det var veldig kjekt! Eg har venta på den telefonen lenge, humrar han på telefon frå Vaksdal.

Han såg programmet i opptak då han kom heim.

– Vart det feiring?

– Eg tok det heilt roleg med eit par pils, fortel Samuelsen til Hordaland.

Kva han skal bruka pengepremien på, er ikkje heilt sikkert enno.

– Eg har eit gammalt hus som eg kunne tenkt meg å pussa opp. Men det ligg heilt i grensa til alternativet for ny E16, og forsvinn kanskje då. Så me får sjå kva som skjer, seier 61-åringen.

Vinnartala laurdag var til orientering 3–0–3–5–6.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.