VOSSARUSSEN 1968Nyhende

50-årsjubileum for Vossarussen ’68

Ei rekkje av russen i 1968 var nyleg samla til jubileum og attersyn.

AV
Publisert
Oppdatert:

8.–10. juni var det treff på Voss for 56 personar av eit kull på 95 med 77 attlevande. Ein del bur på Voss, men også mange kom tilreisande.

Fredag kveld var det uformell samling til eit måltid i Villa Helgheim. Laurdag møttest fyrst gruppa for omvising på nye Voss gymnas, til ei heilt anna verd enn då 68-arane trødde her.

Etterpå lunsj på Park hotell og om kvelden festsamkome på Kringsjå pensjonat. 68ar-skalden kom med ei kjekk mimrevise, og festlyden fekk presentert mang ei sannsoge frå gymnastida då størsteparten av elevane budde på hybel.

Sjølv om åra har gått, og personane har forandra seg både i sinn og skinn sidan skuledagane på Gymmen, fann me fort tonen og kosa oss i lag.

Vossakomiteen

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.