BRANNNyhende

25 personar omkom i brann i 2017

Aldri før har det vore færre registrerte dødsfall etter brann i Noreg enn i fjor.

AV Ingvild Siglen Berger
Publisert
Oppdatert:

Tal frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) syner at tjuefem personar omkom i brann i 2017.

– Dette er ei formidabel utvikling og viser at brannførebyggjande arbeid faktisk fungerer. Me kan snakka om eit vendepunkt. I tillegg ser me at talet på brannar òg går ned. Årsaka er nok samansett, men ei sterkt medverkande årsak er auka medvit rundt branntryggleik hjå folk flest, seier Øyvind Setnes, førebyggingsekspert i Tryg Forsikring, i ei pressemelding.

Talet går ned

Dei siste tiåra har talet på omkomne i brannar gått nedover. Det lågaste talet før 2017, var 35 omkomne i 2015. I 2016 omkom 40, medan snittet har vore 64 omkomne årleg sidan 1979.

– Me jobbar hardt kvar einaste dag med å nå ut til publikum med førebyggjande bodskap. Me har teke i bruk VR-teknologi som gjev opplevinga av brann, og dette har vist seg å vera ein effektiv måte å bevisstgjera folk om brannfarane i heimen. Så er det ingen tvil om at det for forsikringsbransjen er ei lette å registrera ei så positiv utvikling. No håpar me sjølvsagt at trenden held fram i 2018, seier Setnes.

Få brannar i Hordaland

Mellom dei som omkom i fjor, var 14 menn og 11 kvinner. Dei fleste omkom i sin eigen bustad, og april var månaden då flest omkom i brann i Noreg. Det er flest brannar i Oslo og Finnmark, medan Hordaland ligg som fylke nr. 13 på lista over kvar det er mest brannar.

Tal frå DSB syner at 75 prosent av dei som døyr i brann er eldre og pleietrengjande, eller personar med nedsett funksjonsevne og rusmisbrukarar.

Billeg livsforsikring

Tala syner elles at det brenn oftast på ettermiddagen, og at dei fleste bygningsbrannar skjer i januar og desember.

– Dei farlegaste bustadbrannane oppstår om natta. Då har du liten moglegheit til å oppdaga brann i tide så framt ikkje ein røykvarslar vekkjer deg. Dei fleste som døyr i brann, vert kvelte av røyk og gass. Røykvarslarar reddar kvart år livet til eit titals menneske og er ei billeg livsforsikring for deg og familien din, seier Setnes.

Likevel vert det rekna med at ein halv million menneske i Noreg bur i bustader utan fungerande røykvarslarar.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.