Sjå video:

17. mai bada i sol på Voss

Feiringa av nasjonaldagen på Voss kunne knapt fått ei betre ramme. Strålande sol frå skyfri himmel gjorde både vaksne og born glade.

AV Bjørn Sandnes
Publisert
Oppdatert:

Tusenvis av born og foreldre gjorde barnetoget på Vossevangen 17. mai til ei triveleg hending.

Med glade rop, korpsmusikk og faner gjekk barnetoget gjennom Vangen.

Bjørn Inge Aarsand frå politiet på Voss gjekk fyrst i toget etterfylgd av den tradisjonelle flaggborga.

Svært mange hadde møtt fram for å sjå toget.

Godorda sat laust, ikkje minst mellom dei mange utanlandske turistane som var til stades.

Etter toget var ferdig, kosa både små og store seg med is og kald drikke, slik ein alltid gjer på ein slik dag.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.