VIKTIG RETTNyhende

100 år sidan stemmerett for alle vart innført

17. juli markerer at det er nøyaktig hundre år sidan det i praksis vart gitt stemmerett til alle i Noreg.

AV NPK-NTB-Siri Sønstelie
Publisert


Fakta om stemmerett

  • Grunnlova frå 1814 gav stemmerett til mannlege borgarar som hadde fylt 25 år på valdagen, hadde budd i Noreg i minst 5 år, var eller hadde vore embetsmenn, hadde eigd eller bygsla matrikulert jord i meir enn fem år, var borgar eller eigde fast eigedom til ein viss verdi i ein by.
  • I 1821 fekk innbyggjarar i Finnmark som betalte «rettsskatt» til staten, stemmerett. Ein stor del av desse var samar.
  • Frå og med valet i 1885 fekk alle menn som betalte ein viss sum i skatt stemmerett, under den føresetnaden at dei ikkje var tenarar i ein andre hushald, og hadde budd minst eitt år i valkrinsen.
  • I 1898 fekk alle menn over 25 år stemmerett, med mindre dei hadde fått «fattigstønad» (sosialhjelp) det siste året.
  • I 1908 fekk kvinner med skattbar inntekt av ein viss storleik stemmerett.
  • I 1913 fekk alle kvinner over 25 år stemmerett. Regelen om tap av stemmerett for dei som fekk «fattigstønad», dei fleste av dei kvinner, vart likevel ikkje oppheva før i 1919.
  • Stemmerettsalderen vart senka til 23 år i 1920, 21 år i 1946, 20 år i 1967 og 18 år innan utgangen av valåret i 1978.

(Kjelde: Stortinget)

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.