Sterkt av Randi Førde

AV
Publisert
Oppdatert:

LØP: Randi Førde, Voss IL, gjorde i helga ein sterk innsats i halvmaratondelen av det tradisjonsrike Jølster Maraton. Dette løpet går føre seg den første laurdagen i juli, og vart i år arrangert for 36. gong. Med tida 1.44.14 vann Førde klasse kvinner 45-49 år med 20 sekundars margin til nummer to. Faktisk var Førde si tid den fjerde beste av alle kvinnene som deltok i halvmaraton. Ein annan lokal deltakar på halvmaraton var Odin G. Lavik, som med tida 1.33.17 kom på andreplass i klasse menn 50-54 år. Han representerer Vossaspringar.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.