Skreiv kontrakt for tunell-opprusting

AV
Publisert

VAKSDAL: I dag, onsdag, skreiv Statens vegvesen kontrakt med BMO Entreprenør AS for oppgradering av Langhelletunnelen og Beitlatunnelen på E16 mellom Bergen og Voss. Det melder vegvesenet i ei pressemelding. Kontrakten er på 88,8 millionar kroner, og omfattar mellom anna utbetring av lys, ventilasjon og tryggingssystem, samt vass- og frostsikring. Dei to tunellane er begge frå tidleg i 70-åra, og har stort opprustingsbehov. Arbeidet startar like etter sommarferien, og vil gå føre seg om natta mellom klokka 22.00 og 05.30. Dette vil medføra kolonnekøyring og opp til tre timar stenging.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.