Same status i Dale-saka

AV
Publisert
Oppdatert:

DALE: Politiet på Voss opplyser at saka der ein 30 år gammal mann vart funnen død utandørs på Dale 5. mai, framleis har status som ei tragisk ulukke. – Me etterforskar saka og brikkene er i ferd med å falla på plass. Det er ikkje noko nytt i saka, seier Bjørn Inge Aarsand i politiet på Voss. Frå talarstolen i gravferda til mannen tysdag, oppmoda presten folk om å tipsa politiet dersom dei sit på informasjon i saka. – Me er kjende med det, men har førebels ikkje fått inn noko særleg med tips, fortel Aarsand.