Mistanke om dør til dør-svindel

AV
Publisert
Oppdatert:

VOSS: Politiet har fått meldingar om at nokon skal ha forfalska underskrifter etter dør til dør-sal. Det skal ha vore nokon frå eit telefirma som har selt produkt og abonnement på døra til folk. No har ein bebuar meldt dette til politiet, etter ei forfalska underskrift. – Folk har fått produkt og abonnement som dei ikkje har skrive under på. Det har vore ein seljar på døra i forkant, og så mottek dei desse produkta i etterkant, seier Håvard Skattum hjå Vest politidistrikt. Politiet lurer på om det er fleire som har opplevd liknande. Hendinga har skjedd i Tjukkebygda.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.