Mann vart henta av politiet

AV
Publisert

MYRKDALEN: Natt til laurdag klokka 01.30 fekk politiet melding om ein person i Myrkdalen som var til sjenanse for andre etter å ha drukke alkohol. – Vaktene tok kontakt med politiet, som kom til staden og tok kontroll på mannen. Han vart køyrd vekk frå staden, seier Robert Veseth hjå Voss lensmannsdistrikt. Personen var ein mann i 20-åra som er heimehøyrande på Voss.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.