Laga ufred på stasjonen

AV
Publisert

VOSS: Politiet rykte ut til Voss stasjon måndag kveld etter melding om to personar som laga ufred på stasjonen. – Då patruljen kom til staden kjende dei att dei to personane, som dei hadde vore i kontakt med tidlegare på dagen i ein annan samanheng. Situasjonen løyste seg slik at dei to vart skyssa med toget til Bergen, seier Bjørn Inge Aarsand i politiet på Voss. Det vert ikkje oppretta sak på hendinga, som oppstod i 20-tida måndag kveld.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.