Kamp mot framande, skadelege vekstar

AV
Publisert

VOSS: Utvalet for nærings og tiltaksarbeid (NTA) har vedteke nye retningslinjer for tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket, der kampen mot framande skadelege vekstar no har fått ein sentral plass. Framande skadelege artar er på verdsbasis rekna mellom dei største trugsmåla mot naturmangfaldet, vert det understreka i saksutgreiinga, og Miljødirektoratet har laga ei eiga svarteliste for slike artar. For Hordaland sitt vedkomande er det særleg parkslirekne og kjempespringfrø som breier seg, og i stor grad fortrengjer dei stadeigne artane. Tiltak mot desse vil difor få særleg merksemd når SMIL-midlar skal fordelast dei komande åra. SMIL (spesielle miljøtiltak i jordbruket) er ei ordning som har eksistert lenge, og under mange namn, vert det elles opplyst i saksutgreiinga. Ordninga skal i utgangspunktet fremja natur- og kulturminneverdiar i jordbruket sitt kulturlandskap, og i tillegg redusera ureininga frå jordbruket. Voss kommune har gjennom dei siste seks åra fått innpå 3,0 mill. kr til SMIL-tiltak, ifylgje sakspapira til NTA-utvalet.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.