Delar av Dale utan vatn

AV Stine Strand Carlsen
Publisert
Oppdatert:

DALE: På grunn av lekkasjesøk på leidningsnettet, kan enkelte delar av Dale verta utan vatn i korte periodar frå klokka 21.00 i kveld og ut over natta. – Vatnet kan verta misfarga og innehalda luft. Difor er det lurt å tappa ut vatn i vaskekjellar eller liknande til vatnet er klart, skriv Vaksdal kommune på ein SMS til sine innbyggjarar.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.