163 av 173 valdtekts-saker lagde bort

AV
Publisert
Oppdatert:

VESTLANDET: I 2016 oppretta Vest politidistrikt ei spesialgruppe som utelukkande skulle etterforska valdtektssaker.

Likevel: I løpet av desse to åra har arbeidet har berre ført til ti tiltalar. 163 av 173 valdtektssaker er lagde bort, opplyser VG.

Bakgrunnen for etableringa av spesialgruppa var at bergenspolitiet hadde altfor mange valdtektssaker som venta på handsaming.

– Ein lang periode hadde me til ei kvar tid minst 155 voldtektssaker som ikkje var avgjorde. No er situasjonen langt bedre, og det vert stadig færre gamle saker. At gruppa vart oppretta har utan tvil vore ein suksess, sa politiinspektør May-Britt Erstad til Bergens Tidende i juni i år.

Men visepolitimester Ida Melbo Øystese er ikkje nøgd.

– Dette er eit lågt antal tiltalar. Såpass lågt at me må sjå nærare på kvaliteten her, seier ho til VG.

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.