KVITANESENMeiningar
Kvitanesen:

Titt eg minnest

Eg hugsar når eg er fødd, det var på vårparten for ei tid sidan. Men bankkontonummeret og namnet på son til tremenningen min på Lærdalsøyri er det verre med.

AV
Publisert

Eg hugsar meir og meir. Gamle ord som håvål og hespatre vert som nye, eg kjem på at me hadde sju strenger i hesa og to sildakassar kvar haust. No ser eg klart føre meg at postmannen hadde sykkel og talefeil, at han Anders aldri kom inn att til kveldsmat og at Torstein gjekk i lakksko på holkeføre jola i 1963.

Eg hugsar kor det lukta på gamlaheimen når eg var der for å gissa næter med gamla Marita Tveito, korleis den giftige eimen av tannlege seiv ut på venterommet der med sat og skolv som redde trostungar. Eg hugsar kvar revabøllene vaks, kvar me kunne plukka ville jordbær og alle fiskastadene langs fjorden. Eg veit at det ligg ein stein utanfor Leirholo som vert borte ved flod sjø, at det mangla litt skifer på taket på utløa hans Øyvind og at det låg ein løypestreng nede utanfor Tveitaløa.

Men var det i vår han Per var so uheldig med smalen, eller var det kanskje han Knut? Kva heiter yngste dotter til Aslaug og Ivar, var det ikkje Anna? Eller kalla dei opp att ho Larsa-Brita? Korleis stavar dotter mi namnet sitt, er det med to eller ein l i Ingvil eller skriv ho det med d. Er nest eldste son min einogtredve eller vart han toogtredve i sommar? Det viktigaste er at han er frisk og tener litt pengar på alt han driv med, tykkjer eg.

Eg hugsar godt korleis me sat i rekkjer på skulen. I fjerde klasse sat eg bak han Nils og framfor Larrisen. Jentene sat etter kvarandre i midtrekkja, i niandeklasse sat ho Brita, som alltid hadde handa oppe, på fremste pult rett ved kateteret. Og eg minnest at Lars Bjotveit måtte brått ut av klasserommet under olympiaden i 1964.

Men var det i sommar eg måla huset, eller var det i fjor? Eg ser det er kvitt, det er alt. Og var det i vår eg fornya sertifikatet? Tida går so altfor fort.

Eg hugsar det eg vil hugsa. Det som er viktig i livet. At sola snur i år også, at linerla kjem kvar vår og at eg likar gamalost på rugkavring og salt smør.

Kvitanesen

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.