HELGETANKARMeiningar
Helgetankar:

Sennepsfrø og surdeig. Og Guds rike

Ja, sennepsfrø og surdeig er så å seia ingrediensane i dei to korte likningane Jesus kjem med denne søndagen.

AV
Publisert

For tilhøyrarane på Jesus si tid var dette kjente element. I dag vert surdeig meir og meir nytta i vår brødbaking, viss eg har oppfatta det rett. Sennepsfrø har me vel mindre av i våre heimar, men me har kan hende sennep ståande i glas eller på flaske, og sennep vert òg nytta som smakstilsetting i ulike matvarer. Det er relativt kjende saker dette, altså.

Men Guds rike, kva er det? Å skriva kort om nett det er ikkje så lett, men å skjøna det er jamvel vanskelegare. Når me elles snakkar om rike, omtalar me til dømes Noreg som eit rike. Kongeriket Noreg. Dette gjer me vel om andre «land og rike» òg, slik dei som bur andre stader gjer om sine heimland. Men Guds rike – eller Himmelriket, som det òg vert omtala som – er jo noko meir abstrakt. Det er i alle fall ikkje eit land me finn på kartet, med landegrenser og til dømes sete i Sameinte Nasjonar.

Men lat oss prøva ei samanlikning: Eg er på ferie i eit anna land, kan hende langt borte frå Noreg. Er eg då framleis nordmann? Høyrer eg framleis til i kongeriket Noreg? Svaret er ja, og eg har eit pass som stadfestar dette. Eg er ikkje innanfor dette riket sine grenser, og eg kan ikkje sjå det der eg er. Men det finst likevel – og eg høyrer til der.

Når Jesus snakkar om Guds rike – her og andre stader i Bibelen – stadfestar han samstundes at det finst eit Guds rike. Sjølv om det er usynleg i høve landegrenser og liknande, er det like reelt.

Og for å hjelpa oss tilhøyrarar å skjøna meir av kva det handlar om samanliknar Han det med noko som kan verka lite i seg sjølv, men som samstundes rommar så mykje. Og han samanliknar det med noko som kan bli ein del av våre liv. Noko som kan veksa og bli til noko godt. Jesus snakkar andre stader og om at Guds rike kjem, og at det er oss nær. Ikkje minst har det kome nær fordi Han er komen nær.

Korleis kan me bli ein del av Guds rike? Vel, viss me går attende til det med kongeriket Noreg veit me jo at det kan koma menneske frå andre rike til oss. Dei kan busetja seg her, og dei kan bli norske statsborgarar. D

et er vel eit slags program dei må gjennom då, og det må gå nokre år, men: Det er mogleg! Eg skal ikkje samanlikna Noreg med himmelen, men det er mogleg å bli med i – og bli ein del av – Guds rike òg. Det er slett ikkje så vanskeleg, heller. Det vil seia: Det er umogleg for oss sjølve å få det til, Men Jesus er porten inn i Guds rike. Han er passet vårt, så å seia. Jesus har ordna det slik at me kan bli borgarar av Guds rike!

God helg!

Frode Kvamsøe, prest i Vaksdal og Voss

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.