DØDSULUKKE PÅ GEITLEOrdet fritt
Ordet fritt:

Vossaløysinga?

Planlegging av K5 må umiddelbart ta til på strekninga Stanghelle–Voss òg, skriv Vidar Skeie, leiar i Voss Senterparti.

AV
Publisert
Oppdatert:

Tre omkomne er fasit for E16 Stanghelle–Voss i 2017, noko som er litt over snittet på 2,3 drepne som det er rekna til å vera årleg. Samferdsleminister Solvik-Olsen påsto i Stortinget «... det er gjort fleire grep for å styrke trafikksikring og vedlikehald. Resultata er gode. Talet på drepne i trafikken er redusert frå 18 personar i perioden 2008–12 til 2 personar i åra 2013–16.»

Liv Signe Navarsete spurde i spørjetimen i Stortinget, og Erna Solberg måtte svara: Frå 2001 til 2004 var det òg to omkomne. Og det same i perioden etterpå 2004-2007. Har statsministeren grunn til å tru at Statens vegvesen sine tal på forventa skadekostnader for to omkomne kvart år på E16 Arna–Voss ved alternativet K0 – altså ikkje å gjere noko – er feil, og kva meiner i så fall statsministeren er akseptabelt nivå på drepne og hardt skadde i trafikkulukker på E16 Arna–Voss?

Erna Solberg svara: «Jeg mener at vi har ingen å miste. Jeg mener at nullvisjonen vår for drepte i trafikken skal gjelde uansett veistrekning i Norge – enten det dreier seg om bytrafikken i Bergen, på E16 eller andre steder. Heldigvis går det fremover med trafikksikringen i Norge».

Spørsmål og svar kom i Stortinget før dødsulukkene i år utan at det frikjenner Erna Solberg. E16 hadde 50 omkomne frå før og me ventar katastrofen. Statens vegvesen og Jernbaneverket hadde prosjektet som bunde, og Hordaland fylkesting med Nils T Bjørke som leiar av samferdsleutvalet prioriterte prosjektet på fyrsteplass. Regjering og støtteparti tok likevel K5-prosjektet vekk frå fyrste regjeringsperiode, og dette må dei svara for no.

Nullvisjon for E16 er blitt til null visjon. I Handlingsprogram for Statens vegvesen 2018-2023 står det om strekninga Stanghelle-Voss: «På lang sikt legges det til grunn at konsept K5 kan realiseres også her. Departementet er imidlertid åpen for at også andre løsninger kan vurderes på denne strekningen, basert på erfaringer og utvikling i prosjektet».

Dette er etisk og moralsk forkasteleg. Planlegging av K5 må umiddelbart ta til på strekninga Stanghelle–Voss òg. Høgre, Frp, KrF og Venstre har politisk ansvar for at dette kjem i gang snarast råd og når departementet med Solvik-Olsen i spissen vil venta, må han få motstand. Her kan du lita på Senterpartiet!

Vidar Skeie, leiar Voss Senterparti

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.