Ordet fritt:

Voss kommune og Fleischer’s

Leiinga ved Fleischer’s hotel skriv i to ulike lesarinnlegg at Voss kommune er lite næringsvenleg. Næringsbrillene må på.

AV
Publisert
Oppdatert:

Vidare framstår det i innlegga som om Voss kommune og eg ikkje har lagt to pinnar i kross for å hjelpa Fleischer’s.

Det er få verksemder, om nokon på Voss, eg har brukt så mykje tid på som Fleischers. Det er det fleire grunnar til, mellom anna for å leggja til rette for god næringsutvikling, men og fordi det til tider har vore svært vanskeleg å bli einige. Eg kan nemna diskusjonar om å få bruka kulturhuset til overnatting for Voss Cup, strandsoneplan, varsel om søksmål og knutepunktet.

Vidare er det slik at no i siste runde med knutepunktet har eg vore tydleg over lang tid. Min bodskap har vore følgjande: Finn partane ei felles løysing som kan aksepterast, så vil Voss kommune seia ja dispensasjon frå vedteken reguleringsplan. Detter er ei klar oppmoding om nettopp å sjå alle sine ynskje og utfordringar.

Og, om ikkje alle veit det, den løysinga har ein kome fram til og det er sagt ja til dispensasjon: Statens vegvesen og Fleischer’s har funne ei løysing som er akseptert. Ikkje perfekt, men akseptert. I den løysinga får Fleischer’s større areal framfor hotellet fordi vegen vert lagt om, noko som har vore eit av dei overordna måla. Det er å ta næringsomsyn.

Vidare har kommuneadministrasjonen og Statens vegvesen vore i fleire titals møte for å prøva å finna ei felles løysing. Det er å lytta til og prøva å finna gode løysingar for alle. Voss kommune har gjeve grunn til omlegging av veg, det er å ta omsyn til Fleischer’s.

Elles kan det nemnast at Fleischer’s har fått møta i formannskapet for å presentera prosjektet sitt, og eg sjølv har fleire gonger vore på besøk hjå Fleischer’s og det same har Fleischer’s hjå meg.

På tide å kaste skibrillene

Eg har sagt mange gonger at Fleischer’s hotel er eit fyrtårn for Voss. Det har det vore i meir enn 150 år, og vonleg vil det vera det i mange år framover.

Eg meiner det, Fleischer’s er mellom det som definerer Voss, noko me er stolte av. Difor har altså haldninga mi vore, finn ei løysing som alle kan leva med!

Om den løysinga er å flytta eller redusera ei busslomme, og det går, så gjerne for meg. Det høyrest enkelt ut. Men, eg har ikkje vetorett og heller ikkje fagkunnskapen til å vurdera om det er rett eller ikkje, det må gjerast som eit samspel mellom Fleischer’s, Vegvesenet og kommunen. Det er vel å ta omsyn til Fleischers, knutepunktet, kulturhuset, trafikktryggleik med meir, som gjer at dette går frå enkelt til vanskeleg?

Uansett briller, ser eg at denne saka er viktig for Fleischer’s, og eg trur leiinga ved Fleischer’s ser at denne saka ikkje er blitt tatt lett på av nokon.

Hans-Erik Ringkjøb, ordførar

Les også

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.