VESTLANDETOrdet fritt
Ordet fritt:

Vestlandsk nederlag

Eg takkar så mykje for for innlegget til Odd Himle i Hordaland av 21. juni, der han gjev tilsvar på eit tidlegare innlegg frå mi hand om det nye fylkesnamnet Vestland.

AV
Publisert

Eg forstår av innlegget at vi er samde om éin ting, nemleg at landsdelsnamnet Vestlandet i bestemt form ville ha vore lite høveleg på det framtidige fylket av noverande Hordaland og Sogn og Fjordane. Usemja handlar om kva det inneber at fylket i staden vert heitande Vestland i ubestemt form. Forstår eg Himle rett, oppfattar han at dette namnet på eitt eller anna vis inneber eit kompromiss, og ikkje kan forvekslast med landsdelsnamnet. Eg er av ei anna meining.

Kortforma «Vestland» eksisterer alt som ein referanse til heile landsdelen. Enkle søk i avisarkiva syner at namnet har vore nytta slik av norske journalistar og forfattarar ei rekkje gonger dei siste tiåra – og vi kjenner naturleg alle «Å Vestland, Vestland», som Tore Ørjasæter skreiv under ei ferd til sunnmørske Geiranger for 110 år sidan. Om vi no likevel skal freiste å operere med eit skilje, trur eg at namneformene er så like at dei vert vanskelege å halde frå kvarandre. Dette kan skape både forvirring, utilsikta komikk og behov for å uttrykkje seg ekstra omstendeleg, ikkje minst i dei samanhengar der ein har behov for å snakke både om fylket og landsdelen.

Og går vi eitt steg vidare, og ser på ulike avleiingar av namnet, vert det heilt uråd å skilje: Innbyggjarnamnet vestlending – skal det tilhøyre alle som bur på Vestlandet eller berre dei i Vestland? Er rogalendingar vestlendingar, eller er det berre vestlendingar som er vestlendingar? Har avleidde ord som startar med «vestland-» å gjere med Vestlandet eller Vestland?

Om til dømes dei to fylka våre også vert slegne saman til éin valkrins ved stortingsval; vil våre folkevalte utgjere vestlandsbenken på Stortinget, og er det denne som skal målbere dei vestlandske sakene i rikspolitikken? Eller er vestlandsbenken berre éin av tre vestlandske fylkesbenker?

Namnet Vestland – ein siger for lokaldemokratiet?

Nei, dette vert ei einaste suppe. Og alternativet Himle peikar på, at innbyggjarar i fylka nord og sør for oss kan ta namna Nord-Vestlandet og Sør-Vestlandet, er heller inga løysing. Dette er etablerte geografiske namn som omfattar delar av «Vestland».

Som nordfjording er eg nordvestlending, i selskap mellom anna med sunnfjordingar og sunnmøringar. På same måte ser vi at stordabuer og andre sunnhordlendingar høyrer heime i det sørvestlandske, saman med rogalendingane.

Vestland er for alle praktiske føremål eit like dårleg namneval som Vestlandet. Det er kulturhistorisk øydeleggjande. Det skapar språkeleg forvirring. Og like gale: Det skapar i seg sjølv konflikt og usemje med grannane våre i nord og sør, noko som òg undergrev føresetnadene for vestlandsk samhandling i politisk forstand. Regionreforma starta med ein visjon om å skape landsdelen om til ei sterkare politisk kraft. Berre to av fire fylke vart med på samanslåinga, noko som i og for seg ikkje skapte dårlegare føresetnader for samarbeid enn tidlegare. Men gjennom namnevalet sit vi no att med eit halvert vestland, som dessutan peikar nase til dei som bur på hi sida av fylkesgrensa. Namnet Vestland er følgjeleg, diverre, eit vestlandsk nederlag.

Yngve Flo

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.