RESTAURERTE MILETAVLEROrdet fritt
Ordet fritt:

Vegmerke som er på plass att

Det var med stor glede eg las reportasjen med Kåre Olav Aldal i torsdagsavisa, og vil med dette få takka han og dei andre involverte i Vegvesenet for flott utført jobb!

AV
Publisert

Kjekt å sjå at nokon verkeleg bryr seg om slike historiske merke, sjølv om dagens vegfarande knapt har tid til å sjå til side. I dag hastar folk forbi og må ha all informasjon på skilt over vegbana eller i sjølve vegen. Me som tek oss litt meir tid til å sjå oss rundt, vil nok både sjå og fortelja komande slekter om vegmerka då hest og kjerre var eksklusivt framkomsmiddel.

Vil med dette også få ynskja Aldal til lukke som pensjonist, noko eg sjølv har vore i fleire år no!

Til slutt har eg eit lite hjartesukk til dei som har ansvaret for sykkel- og gangvegane våre. Kunne de vera så snille å ta ein titt på sykkel- og gangvegen frå busstasjonen i Skulestadmoen og inn til Eenssmidja, og enkelte parti frå Dalsleitet (262 m.o.h) til innkøyringa til campingplassen på Demmo?

Ikkje alltid like enkelt å ferdast her då det er sprekker og humper som gjer det svært farleg å sykla, særleg for dei med smale hjul! Å sykla etter hovudvegen er ofte reine ruletten, og sinte bilistar som tutar og viser deg finger! Kanskje Vegvesenet kan få orden på dette også like effektivt som vegmerkinga?

God sommar!

Ivar Lie

Les også

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.