Ordet fritt:

Uansvarleg kommunestyredebatt om parkering på Vangen

– Forskninga viser nokså eintydig at Vangen-liknande stader døyr. Hvis gatene derimot blir trivelege (og mangfaldige), vil folkelivet blomstra.

AV
Publisert
Oppdatert:

Sist veke var parkeringsplassane i Vangsgata endå ein gong oppe til debatt i kommunestyret. Referatet i «Hordaland» tyder på at debatten føregjekk som før.

I samme avis skriv redaktør Geitle at gågatetankane er avlegs og at Vangsgata er avhengig av biltrafikk.

Diskusjonen om parkeringsplassar er ei forenkling. Utviklinga av Vangen er avhengig av strategiske val.

Debatten i kommunestyret tyder på at dei ansvarlege ikkje forstår at Vangen er grunnlagt på gamle idéar som ikkje fungerer.

Utgangspunktet vårt er at Voss frå naturen si side er ei perle og at det kun er menneskelege feil som gjer at Vangen og Voss ikkje er blant dei mest attraktive tettstadene i Nord-Europa.

Det er uansvarleg av politikarane å ikkje ta ansvar for at Vangen utviklar potensialet sitt.

Det er ikkje mangel på parkeringsplassar, men mangel på trivsel, som skaper underskot hjå næringslivet på Vangen.

FORSKINGA VISER NOKSÅ eintydig at Vangen-liknande stader døyr. Hvis gatene derimot blir trivelege (og mangfaldige), vil folkelivet blomstra. Det samme vil næringslivet.

Det er slik det heng saman og dette er det skrive bøker om. Det er også skrive bøker om at trivelege tettstader gir oss meir sosiale liv. Ein triveleg tettstad er bra for oppvekst og alderdom og folk vil få både betre helse og lengre levealder. Det er forska på dette. Det er også forska på kor bra ein triveleg tettstad er for miljøet.

Politikarane og næringslivet må snart forstå at framtida til Vangen dreier seg om mykje meir enn det fordummande maset om parkeringsplassar i Vangsgata. For å komma vidare, må ein grava djupt nok til å forstå alle samanhengane.

Noko av problemet er at dei færraste greier å sjå føre seg at Vangen kan bli ein triveleg landsby. Me har vant oss til dårleg kvalitet og det er meir synd enn mange forstår. Ein triveleg og attraktiv landsby ville gitt oss betre liv og sterkare næringsliv.

VANGEN HAR SIDAN bombinga i 1940 fylgt moten og lenge meinte folk at utviklinga på Voss var framtidsretta og positiv. Dessverre blei Vangen skapt i ei tid då norske planleggjarar gjorde det meste feil. Det skjer fortsattt.

Det starta med bombinga i 1940 og deretter gjenopp­bygginga, som blei planlagt under krigen av vossaarkitektar. Det var nazistane som bestemte retningslinjene. Planane blei laga etter samme mal som dei andre nedbomba tettstadene i landet og Albert Speer/Adolf Hitler styrte planarbeidet gjennom eit Quisling-oppnemnd organ som blei kalla BSR – «Brente Steders Regulering». Førebiletet var Napoleon 3. si endring av Paris på 1800-talet, som blant anna hadde som føremål å forhindra nye opprør.

Saken fortsetter under annonsen.

Vangen blei planlagt som eit drive-in-sentrum med altfor breie promenadegater og akser på kryss og tvers. Gatene på Vangen blei difor vindfulle og har for store avstandar. Dei blei planlagt for forretningar, kontor og bustader. Born og bilar skulle etter planen utfalda seg side om side.

I etterpåklokskap ser me at gatene eignar seg bra for bilkøyring og mindre bra for folkeliv.

I TIDA ETTER krigen er det modernismen som har bestemt utviklinga. Modernismen er ein radikal idé som blei lansert av Le Corbusier og nokre kompiser på 1920-talet. Vangen er, i samsvar med modernismen sitt naive menneskesyn, blitt eit meir reindyrka handelssentrum der bilane skal parkera langs gatene. Folkelivet skal føregå i bustadområde, i institusjonar eller gjennom organisert fritid.

Modernismen har prega vossakulturen. Me finn det no heilt naturleg at Vangen skal vera eit modernistisk sentrum. Mange meiner til dømes at det ikkje er viktig at born kan springa trygt i gatene. Gatene skal i staden brukast til handel med gode vilkår for bil og parkering. Dei meiner at borna har nok fridom i skulegarden. Folk flest meiner til dømes også at det er mest effektivt at gamle blir isolerte i eigne aldersinstitusjonar.

Me har levd så lenge med modernismen at me har fått haldningar som ikkje er bra for oss.

Verdas kanskje mest anerkjende byplanleggjar, arkitekt Jahn Gehl, seier dette om modernismen: «Hadde me gått inn for å øydeleggja byane våre, kunne me neppe gjort det meir effektivt.»

TILBAKE TIL DISKUSJONEN om parkeringsplassane. Politikarane og næringslivet bør forstå at Vangen blei planlagt for bilbruk. Difor er det svært risikabelt å fjerna bilane frå Vangsgata før ein har gjort endringar. Dette veit me fordi det er mange som har prøvd før med mislukka­ resultat.

Samtidig må politikarane og andre forstå at Vangen er inne i ein langvarig dødskamp fordi dei snart hundre år gamle visjonane har alvorlege manglar. Vangen må difor så snart som mogeleg få ein ny og menneskevennlig visjon.

Det betyr at me, når tida er moden, fjernar bilane frå dei områda av Vangen som skal vera trygge, lune og trivelege.

Alt dette må gjennomførast etter ein plan som det er ufattelig dumt å ikkje koma igang med.

Eg ynskjer difor den nye sentrumsplanlegginga for Vangen velkommen. Viss kommunen lukkast med å etablera ein god og åpen prosess, vil Voss bli ein draumestad. Det er avgjerande at denne jobben ikkje blir knebla av dumskap eller misoppfatningar, slik det nemnde referatet i «Hordaland» kunne tyda på.

Bjørn Helge Brunborg

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.