Ordet fritt:

«Tilgi dem ikke, for de vet hva de gjør»

– Det er synd at me har folkevalde i posisjon som ikkje er opne for å lytta til til dei beste argumenta, men let seg styra av administrasjonen og omsynet til sin eigen prestisje, skriv Bodhild Laastad.

AV
Publisert

Dei fire politikarane frå posisjonen som sit i formannskapet, Heidi Rongved, Anne Christin Eide, Sigmund Simmenes og Eirik Haga har forsegla sitt politiske ettermæle. Og det ser ikkje spesielt tiltalande ut. Ved å vedta at mellombels modulskule skal leggjast til Stanghelle, har dei begått eit grovt svik mot borna i aldersgruppa 5-13 år på Vaksdal og Dale.

Dei har valt å sjå heilt bort frå omsynet til borna og deira interesser. Som bestemor til ei lita jente som framleis vil vera fem år ved skulestart i august 2018, må eg tolka dette som at Vaksdal kommune ikkje ynskjer å vera ein god kommune for borna og foreldra deira. I staden for å ynskja barnefamiliane velkomne og leggja til rette for ein god oppvekst, og dermed sikra kommunen si framtid, vél dei ovanfor nemnde posisjonspolitikarane å tenkja som ein kalkulatur og med eit hjarte av stein.

Det er ikkje slike politikarar eg ynskjer skal ta livsviktige avgjerder for mine eigne og andre sine barnebarn. (Det hjelper lite å sukra pillen med lovnad om ny skule, eller skryt om at modulskulen på Stanghelle blir av like høg kvalitet som ein permanent skule. Det er totalt irrelevant i denne samanhengen.)

Dei tok alle fire ordet for å toa sine hender og grunngi kvifor dei såg seg nøydde til stemma som dei gjorde. Dei sette fram grunnlause og direkte feilaktige påstandar og avslørte at dei ikkje hadde sett seg inn i ny og avgjerande informasjon frå kompetent fagleg hald som den foreldreinitierte prosjektgruppa hadde henta inn og presentert for dei.

I staden for å lata omsynet til borna vega tyngst, valde dei å gjera knefall for administrasjonen sine meir eller mindre ugjennomtrengelege saksutgreiingar.

50 personar møtte opp då formann­skapet vraka modulskule på Dale

I administrasjonen si oppstilling over kostnader for modulskule både på Dale og Vaksdal, står det t.d. oppført ein samlesum på heile 21 millionar kroner som administrasjonen til no ikkje har kunna gjera greie for innhaldet i. Ved hjelp av desse 21 millionane har dei greidd å få kostnaden ved modulskule både på Dale og på Vaksdal til å nå opp i skyhøge 36,7 millionar kroner og i tillegg påstått at alt dette måtte takast over drifta.

Den foreldreinitierte prosjektgruppa har på eiga hand henta inn summar frå entreprenørar og profesjonelle leverandørar av modulbygg og kjem fram til ein sluttsum på berre 16,3 millionar kroner for modulskule både på Dale og Vaksdal. Administrasjonen si kostnadsrekning for modulskule på Stanghelle i fire år har ein sluttsum på 20,1 millionar kroner. Det går ikkje fram om dette er med eller utan meirverdiavgift. Men dersom ein for samanlikninga si skuld legg til meirverdiavgift på prosjektgruppa sine tal, (som kommunen uansett får att gjennom meirverdiavgiftskompensasjonsordninga), vert prosjektgruppa sin sluttsum inklusiv meirverdiavgift 20,4 millionar kroner. Med andre ord bagatellmesssige 300.000 kroner dyrare over ein fireårsperiode, og det er vel uansett ungane våre verd.

Det er synd at me har folkevalde i posisjon som ikkje er opne for å lytta til til dei beste argumenta, men let seg styra av administrasjonen og omsynet til sin eigen prestisje. Det er vanskeleg å innrømma at ein har tatt feil og vera vaksen nok til å ta eit nytt standpunkt i møte med ny og overtydande informasjon. All honnør til SV, Høgre og KrF som har fremja borna sine interesser i formannskapet i denne saka.

No forstår eg korleis uttrykket politikarforakt har oppstått, og eg forstår no også kva som ligg i uttrykket – dessverre.

Bodhild Laastad, Dale

Lesarane si meining

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.